3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.
4 Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i pengar, både det som kvar einskild er ilikna i skatt, og det som nokon sjølvmint kjem til Herrens hus med,
5 det skal prestane ta imot, kvar frå dei han kjenner. Så skal dei setja Herrens hus i stand, alle stader der det er skadt.
6 Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane endå ikkje vølt templet der det var skadt.
7 Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar av kjenningane dykkar, men gje dei frå dykk, så templet kan setjast i stand.»
8 Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket lenger. Men så skulle dei heller ikkje vøla templet.
9 No tok presten Jojada ei kiste, bora hol i loket og sette henne attmed altaret, på høgre sida av inngangen til templet. I den la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus.