8 Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket lenger. Men så skulle dei heller ikkje vøla templet.
9 No tok presten Jojada ei kiste, bora hol i loket og sette henne attmed altaret, på høgre sida av inngangen til templet. I den la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus.
10 Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og overpresten; dei samla pengane som fanst i Herrens hus, og talde dei opp.
11 Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på huset,
12 og til murarane og steinhoggarane. Desse pengane nytta dei òg til å kjøpa trevyrke og hoggen stein, så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Såleis greidde dei alle utgiftene då templet skulle vølast.
13 Men dei pengane som kom inn til templet, vart ikkje nytta til å laga sølvbollar, knivar, offerskåler, trompetar eller noko slag kar av gull eller sølv.
14 Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som nytta dei til å vøla på Herrens hus.