11 Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.
12 Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i striden med Amasja, kongen i Juda, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
13 Då Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine, sette Jeroboam seg på kongsstolen hans. Joasj vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg.
14 Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!»
15 Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort,
16 sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen
17 og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»