15 Elisja sa til han: «Henta ein boge og nokre piler!» Då han det hadde gjort,
16 sa Elisja til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine på hendene åt kongen
17 og sa: «Lat opp vindauga som vender mot aust!» Han lét det opp, og Elisja sa: «Skyt!» Så skaut kongen. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»
18 Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.
19 Då vart gudsmannen harm på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort heilt ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»
20 Så døydde Elisja og vart gravlagd.På den tid kom det kvart år herjeflokkar frå Moab inn i landet.
21 Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik herjeflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina åt Elisja, livna han opp att og reiste seg.