22 Hasael, kongen i Aram, plaga israelittane hardt så lenge Joakas levde.
23 Men Herren var nådig og mild mot dei. Han tok seg av dei på grunn av den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob. Han ville ikkje øyda dei ut og støytte dei endå ikkje bort frå seg.
24 Då aramearkongen Hasael døydde, vart Benhadad, son hans, konge etter han.
25 Joasj, son til Joakas, vann då att frå Benhadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred mellom dei. Tre gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.