4 Men Joakas bad Herren om nåde, og Herren høyrde bøna hans; for han såg kor vondt israelittane hadde det når aramearkongen plaga dei.
5 Herren gav dei ein bergingsmann, så dei kom seg fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i heimane sine som før.
6 Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria.
7 Joakas hadde ikkje meir att enn femti hestfolk med ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8 Det som elles er å seia om Joakas og alt det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
9 Joakas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10 I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.