10 Du har vunne over edomittane, og difor har du vorte så stormodig. Lat deg no nøya med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»
11 Men Amasja ville ikkje høyra på han. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
12 Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.
13 Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.
14 Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.
15 Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
16 Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg, og Jeroboam, son hans, vart konge etter han.