15 Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
16 Joasj gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, der dei andre Israels-kongane låg, og Jeroboam, son hans, vart konge etter han.
17 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.
18 Det som elles er å seia om Amasja, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
19 Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.
20 Så køyrde dei han til Jerusalem med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.
21 Så tok heile Juda-folket og gjorde Asarja, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.