21 Så tok heile Juda-folket og gjorde Asarja, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.
22 Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.
23 I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.
24 Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
25 Han vann att landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Øydemarksjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer.
26 For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute både med store og små, og det fanst ingen som hjelpte dei.
27 Herren hadde ikkje sagt at han ville stryka ut Israels namn under himmelen. Difor lét han Jeroboam, son til Joasj, berga dei.