25 Han vann att landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Øydemarksjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, profeten Jona Amittaison frå Gat-Hefer.
26 For Herren hadde sett kor ille det stod til med israelittane. Det var ute både med store og små, og det fanst ingen som hjelpte dei.
27 Herren hadde ikkje sagt at han ville stryka ut Israels namn under himmelen. Difor lét han Jeroboam, son til Joasj, berga dei.
28 Det som elles er å seia om Jeroboam og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen då han vann att Damaskus og Hamat for Israel, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
29 Jeroboam gjekk til kvile hjå fedrane sine, Israels-kongane, og Sakarja, son hans, vart konge etter han.