6 Men borna åt drapsmennene slo han ikkje i hel. Han heldt seg etter det bodet frå Herren som står skrive i lovboka åt Moses: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.
7 Amasja slo edomittane i Saltdalen, ti tusen mann. Han tok Sela og kalla byen Jokte’el, som han har heitt til denne dag.
8 På den tid sende Amasja bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.
9 Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.
10 Du har vunne over edomittane, og difor har du vorte så stormodig. Lat deg no nøya med den æra du har, og hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»
11 Men Amasja ville ikkje høyra på han. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
12 Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.