14 Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i staden hans.
15 Det som elles er å seia om Sjallum og den samansverjinga han fekk i stand, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
16 Den gongen drog Menahem ut frå Tirsa og herja Tappuah, alt som var i byen, og bygdene ikring. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinnene der som var med barn.
17 Det var i det trettiniande styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.
18 Menahem gjorde det som vondt var i Herrens augo. Så lenge han levde, gav han ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
19 Pul, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv, for at han skulle støtta han og tryggja kongedømet hans.
20 Dei pengane Menahem laut gje til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på alle velståande menn i Israel, femti sekel på kvar. Så fór assyrarkongen heim att og stogga ikkje lenger i landet.