18 Menahem gjorde det som vondt var i Herrens augo. Så lenge han levde, gav han ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
19 Pul, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv, for at han skulle støtta han og tryggja kongedømet hans.
20 Dei pengane Menahem laut gje til assyrarkongen, fekk han inn på den måten at han la skatt på alle velståande menn i Israel, femti sekel på kvar. Så fór assyrarkongen heim att og stogga ikkje lenger i landet.
21 Det som elles er å seia om Menahem og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
22 Menahem gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23 I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24 Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens augo, og gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.