2 Han var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
3 Asarja gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.
4 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.
5 Men Herren rørte ved kongen, så han fekk ein hudsjukdom som gjorde han urein, og den hadde han til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.
6 Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
7 Asarja gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Jotam, son hans, vart konge etter han.
8 I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.