8 I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.
9 Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom fedrane hans. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
10 Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.
11 Det som elles er å seia om Sakarja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
12 Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ættleder skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol.» Og så vart det.
13 Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.
14 Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i staden hans.