1 I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Akas, son til Jotam, konge i Juda.
2 Han var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Akas gjorde ikkje det som rett var for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans, hadde gjort,
3 men fylgde den same vegen som Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.
4 Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.