15 Kong Akas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet som vert frambore om morgonen, og grødeofferet som vert frambore om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Og alt blodet av brennofferet og slaktofferet skal du skvetta på det store altaret. Men bronsealtaret vil eg bruka når eg tek varsel.»
16 Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen baud han.
17 Kong Akas skar av tverrlistene på fotstykka og tok ned offerkjelane som stod på dei. Så tok han havet ned av bronseoksane som det kvilte på, og sette det på eit steingolv.
18 For assyrarkongen skuld tok han bort den sabbatsgangen med tak over som dei hadde bygt i Herrens hus, og like eins den ytre kongeinngangen.
19 Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
20 Akas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Hiskia, son hans, vart konge etter han.