2 Han var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Akas gjorde ikkje det som rett var for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans, hadde gjort,
3 men fylgde den same vegen som Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.
4 Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5 På den tid gjorde aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason ei hærferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men greidde ikkje å gå til åtak.
6 Det var den gongen aramearkongen Resin vann att Eilat til Edom og dreiv judearane ut or byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og der har dei butt til denne dag.
7 Då sende Akas bod til Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berga meg frå aramearkongen og Israels-kongen, som har gått til strid mot meg.»
8 Akas tok alt sølvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og sende det til assyrarkongen i gåve.