4 Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5 På den tid gjorde aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason ei hærferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men greidde ikkje å gå til åtak.
6 Det var den gongen aramearkongen Resin vann att Eilat til Edom og dreiv judearane ut or byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og der har dei butt til denne dag.
7 Då sende Akas bod til Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berga meg frå aramearkongen og Israels-kongen, som har gått til strid mot meg.»
8 Akas tok alt sølvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og sende det til assyrarkongen i gåve.
9 Og assyrarkongen gjorde som han bad. Han gjekk mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.
10 Kong Akas fór til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret, ei teikning som i eitt og alt synte korleis det var laga.