8 Akas tok alt sølvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og sende det til assyrarkongen i gåve.
9 Og assyrarkongen gjorde som han bad. Han gjekk mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.
10 Kong Akas fór til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret, ei teikning som i eitt og alt synte korleis det var laga.
11 Og før kong Akas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygt altaret. Det svara heilt og fullt til det biletet kong Akas hadde sendt frå Damaskus.
12 Då kongen kom heim att frå Damaskus og såg altaret, gjekk han fram for det og ofra på det.
13 Han brende brennofferet og grødeofferet sitt og auste ut drikkofferet, og blodet av det måltidsofferet han bar fram, skvette han på altaret.
14 Men bronsealtaret, som stod for Herrens åsyn, flytte han bort frå den staden det hadde hatt framfor templet, mellom det nye altaret og Herrens hus. Han sette det på nordsida av det nye altaret.