1 I det tolvte året Akas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år.
2 Hosea gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som Israels-kongane før han.
3 Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot han, og Hosea laut gje seg under han og svara skatt.
4 Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen i Sa’is og betalte ikkje lenger den årlege skatten til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel.
5 Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år.