17 Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, og såleis vekte dei hans harme.
18 Difor vart Herren brennande harm på israelittane og støytte dei frå seg. Berre Juda-ætta vart att.
19 Men heller ikkje Juda heldt dei bod som Herren deira Gud hadde gjeve. Dei fylgde dei skikkane som israelittane hadde ført inn.
20 Difor vraka Herren heile Israels-ætta. Han fór hardt fram mot dei, gav dei i hendene på ransmenn og kasta dei til sist frå seg.
21 Den gongen Herren reiv Israel laus frå Davids hus, tok dei Jeroboam Nebatsson til konge. Jeroboam førte israelittane vilt, så dei ikkje fylgde Herren; han fekk dei til å gjera ei stor synd.
22 Israelittane gjorde dei same syndene som Jeroboam og heldt ikkje opp med det.
23 Til sist støytte Herren dei frå seg, som han hadde varsla gjennom alle tenarane sine, profetane. Israelittane vart bortførte frå landet sitt til Assyria, og der har dei vore til denne dag.