27 Då sa assyrarkongen til mennene sine: «Send ein av dei prestane som de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»
28 Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren.
29 Desse folka hadde laga seg kvar sin gud og sett dei i eigne hus som mennene i Samaria hadde bygt på haugane. Det gjorde kvart folk i dei byane dei budde i.
30 Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima.
31 Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.
32 Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der.
33 Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå.