28 Så kom ein av prestane som dei hadde ført bort frå Samaria, og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle ottast Herren.
29 Desse folka hadde laga seg kvar sin gud og sett dei i eigne hus som mennene i Samaria hadde bygt på haugane. Det gjorde kvart folk i dei byane dei budde i.
30 Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima.
31 Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.
32 Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der.
33 Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå.
34 Til denne dag har dei fylgt dei gamle skikkane sine. Dei har ikkje age for Herren og held seg ikkje etter dei føresegnene og reglane dei har fått, dei lovene og boda Herren har gjeve etterkomarane etter Jakob, som han gav namnet Israel.