30 Mennene frå Babylon laga eit bilete av Sukkot-Benot, mennene frå Kut eit bilete av Nergal og mennene frå Hamat eit bilete av Asjima.
31 Folk frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei som kom frå Sefarvajim, brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.
32 Dei hadde nok age for Herren, men sette nokre av sine eigne folk til prestar på haugane, og dei bar fram offer for dei i husa der.
33 Samstundes som dei hadde age for Herren, dyrka dei sine eigne gudar på same vis som dei folkeslaga dei var bortførte frå.
34 Til denne dag har dei fylgt dei gamle skikkane sine. Dei har ikkje age for Herren og held seg ikkje etter dei føresegnene og reglane dei har fått, dei lovene og boda Herren har gjeve etterkomarane etter Jakob, som han gav namnet Israel.
35 Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje ottast andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei.
36 Men Herren, som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og med strak arm, han skal de ottast. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.