36 Men Herren, som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og med strak arm, han skal de ottast. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.
37 Dei føresegnene og reglane, dei lovene og boda som han skreiv opp åt dykk, skal de alltid leggja vinn på å leva etter. Og de må ikkje ottast andre gudar.
38 Gløym ikkje den pakta eg gjorde med dykk, og ottast ikkje andre gudar!
39 Berre Herren dykkar Gud skal de ottast; så vil han berga dykk frå alle fiendane dykkar.»
40 Men dei ville ikkje høyra på Herren. Dei bar seg åt på same vis som før.
41 Så hadde nok desse framande folka age for Herren, men dyrka samstundes gudebileta sine. Og borna og barneborna deira har gjort som fedrane sine til denne dag.