5 Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år.
6 I det niande styringsåret åt Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assyria. Han lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
7 Såleis gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egypt og fria dei frå farao, egyptarkongen, og hans velde. Dei ottast andre gudar
8 og fylgde skikkane åt dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort.
9 Israelittane fann på usømelege ting som var Herren deira Gud imot. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, anten det var stader med vakttårn eller det var festningsbyar.
10 Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.
11 På alle desse haugane brende dei offer, liksom dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Og dei gjorde mykje anna vondt som harma Herren.