8 og fylgde skikkane åt dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort.
9 Israelittane fann på usømelege ting som var Herren deira Gud imot. Dei bygde offerhaugar i alle byane sine, anten det var stader med vakttårn eller det var festningsbyar.
10 Dei reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.
11 På alle desse haugane brende dei offer, liksom dei folkeslaga Herren hadde drive bort for dei. Og dei gjorde mykje anna vondt som harma Herren.
12 Dei dyrka avgudar, endå Herren hadde sagt til dei: «Det skal de ikkje gjera!»
13 Herren åtvara Israel og Juda gjennom alle profetane og sjåarane sine. Han sa: «Vend om frå dykkar vonde ferd! Hald boda og føresegnene mine, i samsvar med heile den lova eg gav fedrane dykkar og sende dykk gjennom tenarane mine, profetane.»
14 Men dei ville ikkje høyra. Dei var stridlyndte liksom fedrane deira, som ikkje trudde på Herren sin Gud.