1 Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus.
2 Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos.
3 Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda.
4 Kanskje Herren din Gud høyrer alt det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!»
5 Då kongsmennene kom til Jesaja,
6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg.
7 No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.»