12 Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar?
13 Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»
14 Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.
15 Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.
16 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud.
17 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt både land og folkeslag.
18 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei.