20 Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria.
21 Og dette er det ordet Herren talar mot han:Ho hånar deg og spottar deg,Sions dotter, den unge møy;ho rister på hovudet etter deg,Jerusalem, den unge jenta.
22 Kven er det du krenkjer ¬og vanærar?Kven tek du til ords imot?Høgt lyfter du augo dinemot Israels Heilage.
23 Du lét dine sendemenn ¬spotta Herrenog sa: ¬«Med mine mange vognerfór eg opp til dei høge fjell,langt inn på Libanon.Der felte eg høgvaksne sedrarog dei finaste sypressar.Eg nådde til den høgaste topp,der skogen står som ein hage.
24 Eg har grave etter vatnog drukke or framande kjelder.Med mine fotsolar turka eg utalle elvane i Egypt.»
25 Har du ikkje høyrt om dette?Eg planla det for lenge sidan;eg laga det så i eldgamal tid,og no har eg sett det i verk.Så kunne du øyda festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.
26 Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av redsle og skam.Dei likna vokstrane på marka,den grøne groen ¬og graset på tak,som svid av før det veks til.