22 Kven er det du krenkjer ¬og vanærar?Kven tek du til ords imot?Høgt lyfter du augo dinemot Israels Heilage.
23 Du lét dine sendemenn ¬spotta Herrenog sa: ¬«Med mine mange vognerfór eg opp til dei høge fjell,langt inn på Libanon.Der felte eg høgvaksne sedrarog dei finaste sypressar.Eg nådde til den høgaste topp,der skogen står som ein hage.
24 Eg har grave etter vatnog drukke or framande kjelder.Med mine fotsolar turka eg utalle elvane i Egypt.»
25 Har du ikkje høyrt om dette?Eg planla det for lenge sidan;eg laga det så i eldgamal tid,og no har eg sett det i verk.Så kunne du øyda festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.
26 Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av redsle og skam.Dei likna vokstrane på marka,den grøne groen ¬og graset på tak,som svid av før det veks til.
27 Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.
28 Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du kom.