29 Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.
30 Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.
31 For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.I sin brennhug ¬skal Herren gjera dette.
32 Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn ¬i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han ¬med skjoldog ikkje kasta opp ¬ein voll imot han.
33 Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.
34 Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.
35 Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.