33 Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.
34 Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.
35 Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.
36 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.
37 Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.