1 Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, bar det så til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal.
2 Elia sa til Elisja: «Ver du her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så fór dei ned til Betel.
3 Profetsveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det, eg òg. Tei berre stilt!»
4 Så sa Elia til han: «Ver du her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Men han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.
5 Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»
6 No sa Elia til han: «Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei frametter, dei to.