10 Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»
11 Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen.
12 Då Elisja såg det, ropa han: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.
13 Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken.
14 Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over.
15 Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod midt for han, og dei sa: «Ånda åt Elia kviler over Elisja.» Og dei kom til møtes med han og kasta seg til jorda for han.
16 Så sa dei: «Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens Ande har ført han bort og sleppt han ned på eit fjell eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»