18 Dei kom attende til Elisja medan han var i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa at de ikkje skulle gå?»
19 Folket i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen lagleg til. Men vatnet er ringt, og jorda gjev ikkje grøde.»
20 Då sa han: «Henta eit nytt fat til meg og ha salt opp i det!» Dei så gjorde.
21 Og han gjekk ut til kjelda som vatnet kom frå, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.»
22 Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja sa.
23 Frå Jeriko fór profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!»
24 Då snudde han seg, såg på dei og forbanna dei i Herrens namn. Brått kom det to bjørnar ut or skogen, og dei reiv i hel førtito av borna.