5 Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»
6 No sa Elia til han: «Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei frametter, dei to.
7 Då kom femti av profetsveinane ut og stelte seg opp midt for dei eit stykke unna, medan dei to stod nedmed Jordan.
8 Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen.
9 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.» Elisja svara: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»
10 Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»
11 Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen.