14 Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.
15 Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.
16 Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.
17 Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
18 Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
19 Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.
20 Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.