20 Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans.
21 Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.
22 Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg.
23 Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.
24 Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.
25 Det som elles er å seia om Amon og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
26 Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.