3 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde øydelagt. Han reiste altar for Ba’al og laga Asjera-pålar, liksom Akab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.
4 Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.»
5 I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.
6 Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.
7 Asjera-biletet som Manasse hadde laga, sette han opp i det huset Herren hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset, i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.
8 Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova som Moses, tenaren min, gav dei.»
9 Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.