9 Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.
10 Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa:
11 Fordi Manasse, Juda-kongen, har gjort så stygge ting, ting som er verre enn alt det amorittane før han gjorde, og med si avgudsdyrking har lokka Juda òg til synd,
12 difor seier Herren, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over Jerusalem og Juda at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.
13 Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned.
14 Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.
15 Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.