1 Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Mor hans heitte Jedida og var dotter til Adaja frå Boskat.
2 Josjia gjorde det som rett var i Herrens augo. Han heldt seg i alle måtar til den same vegen som David, ættefar hans, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.
3 I det attande styringsåret sitt sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja Mesjullamsson, til Herrens hus og sa:
4 «Gå til overpresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hjå folket.
5 Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei til handverkarane som arbeider i Herrens hus og bøter brestene der,