11 Då Josjia høyrde det som stod i lovboka, reiv han sund kleda sine.
12 Så tala han med Hilkia, presten, og med Ahikam Sjafansson, Akbor Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa :
13 «Gå og spør Herren til råds for meg og folket, for heile Juda-folket, om det som står i denne boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje høyrde på det som står i denne boka, og ikkje heldt seg etter alt det som er oss føreskrive.»
14 Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til Hulda, ei profetkvinne som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,
15 og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:
16 Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alt det som er nemnt i den boka Juda-kongen har lese.
17 For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.