3 I det attande styringsåret sitt sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja Mesjullamsson, til Herrens hus og sa:
4 «Gå til overpresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hjå folket.
5 Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei til handverkarane som arbeider i Herrens hus og bøter brestene der,
6 og til tømmermennene, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn trevyrke og hoggen stein, så templet kan setjast i stand.
7 Men ingen skal halda rekneskap med arbeidsleiarane for dei pengane dei tek imot; for dei fer ærleg fram.»
8 Då sa overpresten Hilkia til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne lovboka i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren, som las henne.
9 Sjafan gjekk attende til kongen og sa frå: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i templet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»