1 Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hjå han.
2 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og profetane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som dei hadde funne i Herrens hus.
3 Så steig kongen fram til søyla og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.
4 Sidan baud kongen overpresten Hilkia, dei prestane som var nest etter han, og dørvaktarane at dei skulle ha bort frå Herrens tempel alle dei tinga som var laga for Ba’al og Asjera og heile himmelhæren. Han brende dei utanfor Jerusalem, i Kedron-bakkane, og oska tok han med til Betel.
5 Josjia sette av dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, både dei som ofra på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som ofra til Ba’al, til sola, månen og bileta i dyrekrinsen og til heile himmelhæren.