13 Dei offerhaugane som låg austanfor Jerusalem, sør for Tyningsfjellet, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels-kongen, som hadde bygt dei for Astarte, den ufyselege gudinna åt folket i Sidon, for Kamosj, den ufyselege guden åt moabittane, og for Milkom, styggedomen åt ammonittane.
14 Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskebein.
15 I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen.
16 Då Josjia snudde seg, fekk han auga på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta beina ut or gravene. Så brende han dei på altaret, og såleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som han hadde ropa ut, den gudsmannen som kunngjorde dette.
17 Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava åt den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»
18 Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria.
19 I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel.