16 Då Josjia snudde seg, fekk han auga på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta beina ut or gravene. Så brende han dei på altaret, og såleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som han hadde ropa ut, den gudsmannen som kunngjorde dette.
17 Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava åt den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»
18 Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria.
19 I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel.
20 Alle offerhaugprestane som fanst der, drap han ved altara, og han brende menneskebein på dei. Så fór han heim att til Jerusalem.
21 Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!»
22 Ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då domarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.