18 Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria.
19 I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel.
20 Alle offerhaugprestane som fanst der, drap han ved altara, og han brende menneskebein på dei. Så fór han heim att til Jerusalem.
21 Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!»
22 Ei slik påskehelg hadde ikkje vorte halden sidan den tid då domarane styrte i Israel, ikkje så lenge det hadde vore kongar i Israel og Juda.
23 Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at dei heldt ei slik påskehelg for Herren i Jerusalem.
24 Josjia rudde ut åndemanarane og spåmennene, husgudane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. For han ville halda dei lovbod som stod skrivne i den boka presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.