23 Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at dei heldt ei slik påskehelg for Herren i Jerusalem.
24 Josjia rudde ut åndemanarane og spåmennene, husgudane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. For han ville halda dei lovbod som stod skrivne i den boka presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.
25 Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarta og heile sin hug og av all si makt og halde alt det som Moselova krev. Og sidan stod det heller ikkje fram nokon konge som han.
26 Likevel gav ikkje Herren opp den store vreiden og harmen sin som brann i han mot Juda, fordi Manasse hadde såra og harma Gud med så mange synder.
27 Difor sa Herren: «Eg vil støyta Juda òg bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte bort Israel. Eg vil vraka Jerusalem, den byen eg valde ut, og det huset som eg sa at namnet mitt skulle bu i.»
28 Det som elles er å seia om Josjia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
29 I hans dagar gjorde farao Neko, kongen i Egypt, ei hærferd mot assyrarkongen – til Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.